Heim

Bucci: Litt historie

Bucci Arkitektur & Design AS fekk sin fødsel hausten 2005. Då starta Sivilarkitekt Georg Grimstad formelt eige selskap, der namnet "Bucci" var svært naturlig med hans italienske tilknytning. Målet var å få utfolde seg arkitektonisk og kunne leve av det, men også å skape ved å utvikle design.

 

Bucci idag:

Bedrifta har kontor i Ulsteinvik sentrum, og er aktiv i små og store prosjekt.

 

Bucci si erfaring:

Bucci har allereie vore engasjert i ei stor breidde av aktivitetar, frå møbeldesign og boligdesign, via industri- og kontorbygg, samt teikning av fotballstadion og sportshallar. Bucci Arkitektur & Design AS har laga mange utomhusplanar og hatt fleire oppdrag innan uteareal og hagedesign.

Vi i Bucci Arkitektur & Design AS er heller ikkje framande for å ta tak i renovasjonar og påbygg eller tilbygg, der det gamle skal møte det nye. Vi har også stått for møbeldesign/innreiing på båt.

 

Bucci har sentral godkjenning:

I Bucci Arkitektur & Design AS brukar alle ansatte Arkitektbedriftene sitt KS-system. Bucci har også Sentral Godkjenning for arkitektur.

Heim

< Tilbake

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585