Heim

Roller i eit arkitektoppdrag:

Alt arbeid vi utfører skal vere i samsvar med forventa arkitekt-konpetanse, i tillegg vil vi kunne innta ei formell ansvarsbelagt rolle som part i ein søknadsprosess.

Det forpliktar i større grad, mange kan vere rådgjevarar, men den ansvarlege skal sørge for at rette val blir gjort og må stå til rette for desse.

 

Dei aktuelle rollene er ansvarleg søkjar og ansvarleg prosjekterande for arkitektur. Vi kan ta på oss desse rollene samla eller enkeltvis.

 

Vi må vere ansvarlege søkjarar om vi skal kunne stå for sjølve søknaden om løyve til oppføring av bygget/prosjektet.

Vi må vere ansvarlege prosjekterande for arkitektur om vi skal kunne stå ansvarlege for grunnlaget det skal søkast på, sjølve den teikningsmessige dokumentasjonen som skal nyttast av ansvarleg søkjar.

 

 

Faser i eit arkitektoppdrag:

Eit arkitektoppdrag hos oss er ofte delt opp i ulike faser. Frå ideen og konseptutviklinga, via prosjektering og detaljering, til gjennomført bygg. Desse oppdraga kan vi ta på oss enkeltvis eller samla, i samsvar med to hovudformer for honorering: fastpris og timebasert.

Denne sida tek sikte på å gi ei samla framstilling av ytingar som normalt skal inngå i dei aktuelle fasene i eit arkitektoppdrag innanfor ein fastprisavtale. Ein kan sjølvsagt fritt kjøpe timar i tillegg til det formål ein måtte ynskje.

 

 

Trykk på dei ulike fasene nedanfor for å lese meir:

 

1:   KONSEPTUTVIKLING

2:   SKISSEPROSJEKTERING

3:   FORPROSJEKTERING

4:   SØKNADSARBEID

5:   DETALJPROSJEKTERING ARKITEKTUR

6:   ANBUDSUTARBEIDING ARKITEKTUR

7:   ARBEIDSTEIKNING/OPPFØLGING AV BYGGING

8:   BYGGELEIING

9:   «SOM BYGD» TEIKNINGAR

 

< Tilbake

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585