Heim

FASE 7: Arbeidsteikningar/Oppfylgjing i byggetida

 

De har no normalt kontrahert utførande aktørar på bakgrunn av forhandlingar rundt deira innsende utfylte anbod. Prosjektet skal realiserast og alle som skal bygge noko vil ha ein eintydig dokumentasjon på kva som skal byggast.

 

Arbeidsteikningar

Inneber ei målsetting av dei detaljprosjekterte teikningane. Småjusteringar blir gjort for at minimumskrav til avstandar skal kunne oppfyllast og mål skal kunne framstå rundast mogeleg for å lette lesinga og dermed bygginga. Dette er ein del av ansvarleg prosjekterande si oppgåve.

 

Oppfølging

Deltaking på to byggemøter vil vere inkludert i ein fastpris på oppfylgjinga i byggetida, øvrige møter vil måtte honorerast etter medgått tid. Avklarande telefonar/epostar mot leverandørar inntil 3 timar er inkluderte, det som blir utover dette vil måtte honorerast etter medgått tid.

 

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585