Heim

FASE 6: Anbudsutarbeiding arkitektur

 

Etter fullført detalj-prosjektering vil ein, dersom ein reknar ut mengder og lagar ein beskrivelse av aktuelle arbeid i utføringsfasa, kunne innhente pris på ei fysisk realisering av prosjektet.

 

Kva er anbudsutarbeiding?

Eit anbud er ein forespurnad på pris-sette tenester basert på teikningar og ein beskrivelse av eit prosjekt. Vi opererar med to typer beskrivelse:

 

Funksjonsbeskrivelsen er eit tekstmessig oppsett av arbeid og kvalitetar utan verken mengder tilknytt, eller forankring i standardytingar definerte i postsystemet i Norsk Standard. Det blir nærmast som ein norsk stil å rekne. Ein ber med andre ord om eit stk. bygg med visse omtalte kvalitetar, og får dermed eit stk. samla pris på prosjektet som ikkje er fordelt på ytingar og/eller mengder.

I ei totalentreprise legg aktuelle konkurrerande firma eiga tid til nødvendig prosjektering inn i prisen. Om ein ikkje endrar noko og samtidig har eit relevant referansebygg å vise til m.o.t. kvalitetar og løysingar, vil eit slikt alternativ vere aktuelt å vurdere.

 

Detaljbeskrivelsen omfattar mengdekalkulering innanfor eit detaljert utval av ytingar med grunnlag i Norsk Standard 3420. Det medfører ein høgre kostnad i utarbeidinga av anbudsgrunnlaget ved hjelp av dei rådgjevande faggruppene, men gir bedre kontroll med kva ein har fått pris på. Det medfører tilnærma null risiko i forhold til tilbydars innhenting av prisar. Tilbydar tek berre ansvar for det som er mengderegna og som er med i beskrivelsen. Ved endringar opp eller ned i mengder vil ein kunne nytte einingsprisane frå anbudet som grunnlag for justering. Ein kan også trekke heilt ut postar.

Einingsprisar gir eit godt grunnlag for forhandlingar og justeringar av prosjektet før ei evt. kontraktsinngåing.

 

Vi anbefalar vanligvis NS3420 detaljbeskrivelse.

 

Korleis kan kunden få nytte av anbuds-utarbeiding?

Eit anbud er nødvendig for realisering av sjølve byggeriet.

Anbudsforma ein vel vil kunne avgrense kven som vil/kan vere med på å regne. Ikkje alle firma kan vere totalentreprenørar, og ikkje alle firma er med i «standard-porteføljen» til ein totalentreprenør. Ynskjer ein å få mange tilbod frå lokale små firma ein kan sette saman til ein samla leveranse vil ein måtte legge til rette for at anbodet blir oppdelt i fag og sendt ut separat.

Anbud etter NS3420 gir større kontroll på mengder og val av material i prosjektet.

 

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585