Heim

FASE 5: Detaljprosjektering arkitektur

 

No ligg eit forprosjekt til grunn, det vil normalt ha fått eit rammeløyve av bygningsmyndigheitene og ein ynskjer i samband med ei realisering av prosjektet å få det fyrst prisa og deretter bygd på mål. Til dette vil ei detaljering av teikningsgrunnlaget vere nødvendig og nyttig.

 

Kva er detalj-prosjektering?

Detaljprosjektering omfattar minimum:

 

• Planteikningane

Teikningane blir omgjort til 1:50 målestokk for å gi plass til målsetting av konstruksjonar (stenderverk og utsparingar), namnsetting på komponentar, detaljering av tekniske anlegg og innpassing av konkrete målgitte bygningselement som t.d. trapp. Takplan blir utarbeidd for fallforhold og slukplassering.

• Detaljsnitt

Snitt blir omgjort til 1:50 målestokk, målsatt og detaljert med henvisning til:

• Detaljar

I målestokk 1:10 eller mindre som viser korleis bygget heilt konkret skal byggast opp, spesielt i viktige overgangar (tak/vegg, vegg/dekke, vegg/grunn etc.).

• Vindusskjema/ dørskjema/romskjema

Blir nytta til å innhente prisar frå leverandørar

• Koordinatar til utstikk på tomt

 

Desse teikningane kan utarbeidast i tillegg, men er ikkje del av oppsettet på

fastpris og kan bestillast separat:

 

• Himlingsplanar, golvplanar

• Sperreplanar og bjelkelagsplanar

• Fundamentsplan og botnleidningsplan

• Ulike spesialskjema (fliser på bad, kjøkken oppriss og plan, møbel, peis, trapp m.m.)

 

Korleis kan eg få nytte av detalj-prosjektering?

ARK (Arkitekten)

RIB (Rådgjevande Ingeniør for Bygg)

RIV  (Rådg. Ing. for ventilasjon-, varme- og sanitæranlegg)

RIE (Rådg. Ing, for elektro), og i enkelte tilfeller

RIBR (Rådg. Ing. for brann)

Dei prosjekterande fag-gruppene vil tilføre prosjektet kvalitetar som er dekkjande innanfor offentlege krav innanfor dei respektive fagfelt og samordne desse for best mogeleg utnytting av tilgjengeleg volum, maksimal integrasjon og estetisk kontroll.

 

Det er desse teikningane som ligg til grunn for den uavhengige kontrollen av viktige prosjekteringsområder.

 

Detaljering eliminerar usikkerheit og dermed risiko-tillegg. Dette er utslagsgjevande på totalkostnaden på eit prosjekt. Generelt sett kan ein seie at eit prosjekt som ein er trygg på at ein vil realisere, bør ein detaljere før prising. Er eit prosjekt avhengig av å ligge innanfor eit stramt budsjett, i tillegg til at det er usikkert på andre måtar, kan det vere aktuelt å be om totalentreprise basert på eit mindre detaljert grunnlag. Slik overfører ein midlertidig risiko over på entreprenøren, men risikopremien er høg og regneviljen ofte lav.

 

Detaljeringa omfattar ikkje sjølve målsettingsjobben. Den er ikkje nødvendig for prisinga av prosjektet, men fyrst når prosjektet skal realiserast på byggeplass. Å vite nøyaktig kvar alle veggar startar og sluttar samt plassering av dører er ikkje relevant utover det visuelle, før ei evt. realisering. Målsettingsjobben høyrer til arbeidsteikningsfasen.

 

Detaljprosjektering frå rådgjevande ingeniørar vil vi kunne formidle om det er ynskjeleg. Om de ynskjer dette administrert av oss vil vi trenge eit påslag på 5% på deira faktura.

 

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585