Heim

FASE 3: Forprosjektering

 

Ein vil kunne vidareutvikle eit skisseprosjekt til eit forprosjekt.

 

Kva er eit forprosjekt?

Eit forprosjekt er ein kvalitetssikra, tredimensjonal modell av skisseprosjektet ein kan nytte til generering av nødvendige dokument i søke- og prisingsprosessen. På dette stadiet vil det vere nødvendig å avklare kven som skal ta på seg rolla som ansvarleg søkjar og ansvarleg prosjekterande for arkitektur.

Dette omfattar fylgjande prosedyrer:

 

• Innhenting av nødvendig grunnlags informasjon som digitalt kart, målebrev, reguleringsplan , m.m. (der desse må kjøpast eksternt blir det belasta kunden)

• Oppmåling av eit evt. eksisterande bygg som skal inngå i prosjektet

• Oppmåling av terreng-høgder

• Modellering av eksisterande terreng som «kakelad» av meterstjukke skiver der sjølve tomta er detaljert opp til 200mm tjukke skiver (koter)

• Tilpassing av eksisterande terreng til ny terrengmessig utforming rundt prosjektet

• Modellering av eit evt. eksisterande bygg som skal inngå i prosjektet

• 1 stk. avklarande møte om detaljar med byggherre

• Modellering av nybygg

• Generering av PDF-teikningar

 

Kunden får desse PDF-teikningane:

 

• Situasjonsplan                                målestokk 1:500

• Etasjeplanar med romtekst/-areal  målestokk 1:100

• 4 fasader                                        målestokk 1:100

• Terrengsnitt                                    målestokk 1:200

• 2 snitt                                             målestokk 1:100

• 2 perspektiv/aksonometriar i fargar. (skjermbileter av modell)

 

Ikkje inkluderte tilleggsytingar som kan bestillast separat

• Ute- og innemiljøelement utover standardmøblar og enkle tre/busker.

• Evt. møter med kommuna eller andre instansar.

• Søknadsarbeid er ei eiga fase.

• Fotorealistiske presentasjonar med folk og detaljar.

 

Korleis kan kunden få nytte av eit forprosjekt?

Eit forprosjekt dannar teikningsgrunnlaget som ligg til botn når ein skal søke kommunen om å få bygge, for deretter å realisere prosjektet av eit bygningsfirma.

 

Ein 3d-modell av bygget på terrenget:

 

• Er ei konkret og visuell framstilling av korleis dykkar bygg kjem til å sjå ut utanpå og inni, som gjer dykk tryggare i vala de har teke

• mogeleggjer endringar i sanntid på modell saman med arkitekten de kan sjå konsekvensane av.

• Vil kunne nyttast til sol-/skuggestudier gjennom året.

• Vil kunne nyttast til studie av interiørmessige forhold

• Vil kunne nyttast til studie av eksteriørmessige og terrengmessige forhold (hage m.m.)

 

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585