Heim

FASE 2:  Skisseprosjektering

 

Kva er eit skisseprosjekt?

Eit skisseprosjekt består av handskissa teikningar basert på konseptskissa med. evt. førehandsavtalte justeringar. Det blir utforma for hand på ark med 5 mm ruter, der ei rute tilsvarar ein kvadratmeter. Eit skisseprosjekt omfattar:

 

• Etasjeplanar i målestokk   1:200

• 4 fasader i målestokk    1:200

• situasjonsplan i målestokk  1:500/1000

 

Dei er farge- og skuggelagde i Photoshop.

Endringar av ferdig skisse vil kunne skje etter medgått tid, evt. kome som endringar direkte inn i Fase 3: forprosjektet.

 

Korleis kan kunden få nytte av eit skisseprosjekt?

Dette dokumentet konkretiserer dykkar ønsker visuelt, organisatorisk og i arealbruk.

Vi treng ikkje ta på oss noko formell rolle i denne fasen, men ettersom skissa kanskje vert nytta i ein førehandskonferanse ville det kanskje vere naturleg at vi på dette stadiet avklarte kva roller vi skal ta på oss i søknadssamanheng.

Ei skisse kan brukast til:

 

• ein førehandskonferanse med kommuna

• ei grovkalkyle basert på erfaringskostnadar pr/m2

• innhenting av cirka-prisar frå bygningsfirma

• eintydig grunnlag for tilbod om 3d-modellering av prosjektet

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585