FASE 1: Konseptutvikling

 

Kva er konseptutvikling?

Vanlegvis er dette eit møte der samtale finn stad om kunden sitt behov og ønske, økonomiske og reguleringsmessige rammer, og kva tenester arkitektfirmaet kan by på. Det blir gjerne orientert om kva prosedyrer og prisar som gjeld for dei ulike oppdraga. Møtet munnar normalt ut i ei konseptskisse.

Ei konseptskisse består vanlegvis av ein grunnide’ om korleis bygninga kan sjå ut, basert på diskusjonen i møtet.  Den inkluderer tankar om «grep», tilkomst, soltilhøve, uteområde, planløysing og fasade.

 

Vi treng ikkje ta på oss noko formell rolle i denne fasen.

 

Korleis kan kunden få nytte av ei konseptskisse?

Konseptskissa dannar eit grunnlag/grunnide’ som kan jobbast vidare med for å lage eit skisseprosjekt.

 

Om kostnad: Vi forstår at det vil vere behov for eit kort direkte møte for å avklare forhold som kjemi, tillit til kompetanse, interesse og evne til dialog. Denne aktiviteten vil måtte avgrensast til 15 minutt, sidan konsept- og idéskaping er vårt leverbrød.

 

Vidare samtale/konseptmøte utover dei fyrste 15 minutta vil bli sett på som ønske om å få utført tenester hos oss, og vil bli fakturert etter medgått tid eller etter avtale.

 

Evt. kontraktsinngåing for neste fase (skisseprosjektering) skjer på konseptmøtet eller i etterkant av dette. Evt. synfaring på tomt (avhengig av kvar ho ligg) blir fakturert per time.

 

Bucci arkitektur og design AS  -  Sjøgata 21  -  Pb. 21 Ulsteinvik  -  tlf. 70309630  -  Org.nr. 994495585